Indiske klede

Filmstjernene Akshay Kumar og Sonakshi Sinha i moderne og tradisjonelle indiske klede under Rajasthan Fashion Week.

Indiske klede er klede utvikla, lage eller brukte i India. Landet er kjent for ein rik tekstiltradisjon som omfattar vovne og broderte klede av bomull, silke og ull. Ulike folkeslag, samfunnsklassar og kastar har sine klestradisjonar, og har også verka i samband med impulsar utanfrå i lang tid.

Ei rekkje indiske klede er draperte om kroppen, som sari, dhoti, angavastram, dupatta og turban. Andre er tilskorne og sydde og noko meir kroppsnære, som kurta, salvar kamiz og tsjudidar. Mange grupper har også tradisjonelt brukt svært lite klede, til dømes berre lendeklede, ei snor rundt livet for småbarn, eller ein sari utan noko under.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy